Aktiviteter i området.
Sogn Skisenter ligg på Hafslo i Luster kommune.
Skisenteret på Hafslo ligg ved riksveg 55 ca. 15 min. køyring frå saftbygda Sogndal og ca. 10 min. frå kommunesenteret Gaupne i Luster kommune.
Postadresse:
Heggmyrane
6869 HAFSLO
Daglig leder:
Runar Henning Tørvi
Tlf.:
+47 478 02 501
epost:
post@sognskisenter.no
website
Lustrabadet
På Lustrabadet finn ein aktivitetar og attraksjonar for både store og små. Me har blant anna eit Idrettsbasseng med seks baner på 25 meter, Stupetårn på 1, 3 og 5 meter, klatrevegg samt ei 65 meter lang sklie med tidtakingssystem. Du finn også ei kort og bratt droppsklie, samt små barne- og knøttebasseng med luftbobler, fontene og sklie.
Velværeavdelinga
Etter ei lang økt med aktivitet er det godt å slappe av litt. Her på Lustrabadet har me varmebasseng med benkar med luft og vatnmassasje, Grotta, som er eit mørkt rom med godt og varmt vatn samt skiftande fargelys. Me har også utekulpar, der eine er iskald og den andre god og varm. Etter ein tur ute er det kanskje lurt å varme seg i ei god dampbadstove eller ein tradisjonell badstove.
Herregarderobe: Med eiget omskiftningsrom og låsbare skap.
Fleirbruksgarderober: 2 stk for familie eller personer med nedsatt funksjonsemne.
website
Jostedalsbreen Nasjonalpark
Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.
Jostedalsbreen Nasjonalpark er lettast tilgjengeleg i Jostedalen (Luster kommune) og Fjærland (Sogndal kommune), og begge stader kan du vere med på brevandring og besøke nasjonalparksentra.
Fakta om Jostedalsbreen
* Breen dekker eit areal på 487 km² og er 80 km lang
* Under Fåbergstølen og aust for Kjenndalskruna er islaget over 500 m tjukt
* Ismassen til Jostedalsbreen svarer til. ca 300 000 millionar badekar med vatn, heile Norge sitt vassbruk i 100 år.
website
Breheimsenteret
Breheimsenteret er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar som brevandring, kajakk og rafting i Jostedalen. Det karakteristiske bygget rommar mange funksjonar for tilreisande og lokale, og har ei fantastisk utsikt til Nigardsbreens blåis. Den interaktive utstillinga frå Jostedalen, Jostedalsbreen og Breheimen har særleg vekt på isbrear og klima. Som ein del av utstillinga er det ein eigen kinosal som tek deg med på ei reise rundt dei mektige isbreane gjennom årstidene, frå sumar med brevandring på blåis til vinter med skikøyring i laussnø.
website
Innerst i verdens lengste fjord...
Velkommen til Skjolden Resort innerst i Sognefjorden, som strekker seg innover Lusterfjorden til Skjolden – ved foten av nasjonalparkene Jotunheimen og Jostedalsbreen.
Den dramatiske, men samtidig gjestmilde naturen, gjør at området regnes som et av de vakreste reisemålene i verden. Her ferierer du i nærkontakt med en lysegrønn fjord, fascinerende isbreer, stupbratte fjell og fantastiske fossefall.
Website
Lustraporten.
website
Sognefjellet Sommarskisenter AS
Feigumfossen
Den 218 meter høge Feigumfossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs nordsida av fjorden.
Når du køyrer riksveg 55 langs nordsida av Lustrafjorden får du Feigumfossen rett i fanget frå sørsida. Dette er eit så mektig syn, 218 meter vatn i fritt fall, at du kanskje vil utforske fossen nærare.
Då tek du den smale og idylliske vegen langs sørstranda. Parker bilen nedanfor garden Feigum, på fjorsida av vegen. Stien tek av frå fylkesvegen ca. 300 meter i retning Ornes frå parkeringa.
Padletur på Lustrafjorden
Turen tek ca. 4 timar og eignar seg for heile familien.
Me har base ca. 400 meter forbi Tørvis hotell i Marifjøra. Sjå kart.
Etter ein kort instruksjon padlar me mot Solvorn. Undervegs ser me kanskje kobbe og nise. Me tek ein lunsjpause på ein fin plass ved fjorden. Ta med di eiga nistepakke, drikke, ekstra klede / handklede og gløym ikkje kamera – det blir garantert fire opplevelsesrike timar.
Barn 7-14 år skal padle saman med ein vaksen i ein tandem-kajakk
website
Solvorn i Sogn
Hånden i været: Hvem har hørt om Solvorn i Sogn ?
Og likevel er dette et sted med “historiske røtter”. Faktum er at utgravinger og funn indikerer at det bodde mennesker i Solvorn så tidlig som i år 800 e.k.!
Solvorn er idag en liten, litt bortgjemt, bygd i skyggen av det mektige fjellmassivet “Molden” i Lusterfjorden i Sogn.
Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje vart bygd i 1130-åra. Kyrkja står i ei særstilling når det gjeld arkitektur og stilhistorie, og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Ho er rekna som den eldste av stavkyrkjene, og eit eksempel på svært godt handverk og særdeles fin treskurd.
Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn, i ein storslagen natur. Ornamentikken i kyrkja er svært interessant, og kan tidfestast til 1050-1100, noko som tyder på at mykje stammar frå ei tidlegare kyrkje.
Den særmerkte urnesstilen har sitt namn frå Urnes stavkyrkje. Stilen er kjenneteikna ved flotte utskjæringar av svært høg kvalitet.
Urnes stavkykje vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste.