Aktiviteter i området.

 

Sogn Skisenter ligg på Hafslo i Luster kommune.

Skisenteret på Hafslo ligg ved riksveg 55 ca. 15 min. køyring frå saftbygda Sogndal og ca. 10 min. frå kommunesenteret Gaupne i Luster kommune.

Postadresse:
Heggmyrane
6869 HAFSLO

Daglig leder:
Runar Henning Tørvi

Tlf.:
+47 478 02 501

epost:
post@sognskisenter.no

website

www.sognskisenter.no

Lustrabadet

På Lustrabadet finn ein aktivitetar og attraksjonar for både store og små. Me har blant anna eit Idrettsbasseng med seks baner på 25 meter, Stupetårn på 1, 3 og 5 meter, klatrevegg samt ei 65 meter lang sklie med tidtakingssystem. Du finn også ei kort og bratt droppsklie, samt små barne- og knøttebasseng med luftbobler, fontene og sklie.

Velværeavdelinga

Etter ei lang økt med aktivitet er det godt å slappe av litt. Her på Lustrabadet har me varmebasseng med benkar med luft og vatnmassasje, Grotta, som er eit mørkt rom med godt og varmt vatn samt skiftande fargelys. Me har også utekulpar, der eine er iskald og den andre god og varm. Etter ein tur ute er det kanskje lurt å varme seg i ei god dampbadstove eller ein tradisjonell badstove.

 
 GARDEROBER
 Damegarderobe: Med eiget omskiftningsrom og låsbare skap.

Herregarderobe: Med eiget omskiftningsrom og låsbare skap.

Fleirbruksgarderober: 2 stk for familie eller personer med nedsatt funksjonsemne.

 
 

 Jostedalsbreen Nasjonalpark

Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.

Jostedalsbreen Nasjonalpark er lettast tilgjengeleg i Jostedalen (Luster kommune) og Fjærland (Sogndal kommune), og begge stader kan du vere med på brevandring og besøke nasjonalparksentra.

Fakta om Jostedalsbreen

* Breen dekker eit areal på 487 km² og er 80 km lang
* Under Fåbergstølen og aust for Kjenndalskruna er islaget over 500 m tjukt
* Ismassen til Jostedalsbreen svarer til. ca 300 000 millionar badekar med vatn, heile Norge sitt vassbruk i 100 år.

website

Josterdalsbreen

 

 Breheimsenteret

Breheimsenteret er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar som brevandring, kajakk og rafting i Jostedalen. Det karakteristiske bygget rommar mange funksjonar for tilreisande og lokale, og har ei fantastisk utsikt til Nigardsbreens blåis. Den interaktive utstillinga frå Jostedalen, Jostedalsbreen og Breheimen har særleg vekt på isbrear og klima. Som ein del av utstillinga er det ein eigen kinosal som tek deg med på ei reise rundt dei mektige isbreane gjennom årstidene, frå sumar med brevandring på blåis til vinter med skikøyring i laussnø.

 website

https://jostedal.com/breheimsenteret

 

Innerst i verdens lengste fjord...

Velkommen til Skjolden Resort innerst i Sognefjorden, som strekker seg innover Lusterfjorden til Skjolden – ved foten av nasjonalparkene Jotunheimen og Jostedalsbreen. 

Den dramatiske, men samtidig gjestmilde naturen, gjør at området regnes som et av de vakreste reisemålene i verden. Her ferierer du i nærkontakt med en lysegrønn fjord, fascinerende isbreer, stupbratte fjell og fantastiske fossefall.

Website

 

 Lustraporten.

Yx Hafslo bensinstasjon/kiosk og Yt Xtra treningssenter er ei familie bedrift som vart opna 14.Mai 2011 av familien Solbakken. I 2013 utvida me tilbodet med kro, pub og catering og fekk namnet Lustraporten AS.
 
I dag er Lustraporten ein samlingsplass for bygda med fantastiske kokkar på kjøkenet som lagar god gammaldags norsk mat.
Hjå oss er du garantert ein god oppleving med god mat og blide ansatte, me ynskjer alle velkomne!

 

website

www.sognskisenter.no

Sognefjellet Sommarskisenter AS

Sognefjellet Sommarskisenter AS organiserar langrennstrening på Sognefjellet i området ved RV 55. Løypeområdet ligg ved vegen som går over Sognefjellet i Vest-Jotunheimen. Vegen er Nord-Europas høgastliggande fjellovergang og går gjennom noko av den vakraste og mest storslagne naturen vi har i Noreg. Løypene ligg over 1400 m.o.h. - ein ideell høgde for profesjonell langrennstrening. Veret kan vera flott med sol frå skyfri himmel, men det kan også verta snøfall og storm. Dei gode tilhøva for skitrening har i dei siste åra fått mange topputøvarar i ymse greiner til å leggja sommarskitreninga til Sognefjellet.

http://sognefjelletsommerski.no/

 

Feigumfossen

Padletur på Lustrafjorden

Turen tek ca. 4 timar og eignar seg for heile familien.

Me har base ca. 400 meter forbi Tørvis hotell i Marifjøra. Sjå kart.

Etter ein kort instruksjon padlar me mot Solvorn. Undervegs ser me kanskje kobbe og nise. Me tek ein lunsjpause på ein fin plass ved fjorden. Ta med di eiga nistepakke, drikke, ekstra klede / handklede og gløym ikkje kamera – det blir garantert fire opplevelsesrike timar.

Barn 7-14 år skal padle saman med ein vaksen i ein tandem-kajakk

website

 

Solvorn i Sogn

Hånden i været: Hvem har hørt om Solvorn i Sogn ?

Og likevel er dette et sted med “historiske røtter”. Faktum er at utgravinger og funn indikerer at det bodde mennesker i Solvorn så tidlig som i år 800 e.k.!
Solvorn er idag en liten, litt bortgjemt, bygd i skyggen av det mektige fjellmassivet “Molden” i Lusterfjorden i Sogn.

Se webside

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje vart bygd i 1130-åra. Kyrkja står i ei særstilling når det gjeld arkitektur og stilhistorie, og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Ho er rekna som den eldste av stavkyrkjene, og eit eksempel på svært godt handverk og særdeles fin treskurd.

Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn, i ein storslagen natur. Ornamentikken i kyrkja er svært interessant, og kan tidfestast til 1050-1100, noko som tyder på at mykje stammar frå ei tidlegare kyrkje.

Den særmerkte urnesstilen har sitt namn frå Urnes stavkyrkje. Stilen er kjenneteikna ved flotte utskjæringar av svært høg kvalitet.

Urnes stavkykje vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste.